mandag 20. april 2009

Vallemål


Forteljing av Knut K. Homme  på Vallemål

Maten er ikkje så viktig fyrst når man er mett og har nok av han, men fyrst når ein er svolten og ikkje har matbiten, då er det det viktigaste i verden for oss. Nå går me i butikken og vel oss mat frå dei stappande fulle hyllene, og dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffer maten, kva det krev av arbeid og innsats.

Men me skal ikkje så langt tilbake i tid før alle skaffa mat sjølv, i kvart fall på bygda. Då var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagskosten var brød og graut, graut og brød. Men til jul hadde me noko sjeldan, noko spesielt. Då var mange ute etter julefisk, dersom dei ikkje hadde fiska etter fisk i bekken då.

Julefisken skule helst vere stor og raud, og då lag han på høgfjellet. Før  jul har folk nokolunde god tid, og kunne då vere borte i nokon dagar. Nettene var kalde og dagene korte, så ein måtte kle seg godt og pakke seg inn med ull og sengeteppe vove av skinnfellar eller garn om nettane. Med skinnet frå elden som flakka på veggen var det fortalt mange soger – dei lange kvendane.

Ingen kommentarer: